Vivel Skarvatun_Venninner_Sandnes Masfjorden

UTKANTKONFERANSEN 2019

Årets tema: Ungdommen vår - ein viktig ressurs no og i framtida!

Tid og stad: 1. april kl. 09.00 - 15.00, STRILATUN, Seim i Lindås kommune.

Påmelding: Fyll inn påmeldingsskjema her. Påmeldingsfrist 26.03.2019. Deltageravgift 300,- pr pers.


UTKANTKONFERANSEN er ein møteplass for å dela kunnskap, inspirera, diskutera og orientera kvarandre om ulike tema og innan ulike fagområde.

Årets UTKANTKONFERANSE rettar fokus på ungdommen vår som er ein viktig ressurs med mange ferdigheiter. Korleis kan samfunnet bidra til å utvikle desse ferdigheitene? Har vi den rette kunnskapen og dei nødvendige verktøya? Skal vi jobbe i fellesskap eller kvar for oss? 1. april tar vi eit djupdykk i temaet og ønskjer velkommen til spannande foredrag, faglege innspel og paneldebatt.

Målgruppa er politikarar, leiarar og tilsette i kommunar, fylke og stat, privat næringsliv, frivillige organisasjonar og andre som er opptatt av årets tema.
 

Program:

UTKANTKONFERANSEN 2018

Tema: Helseberedskap, rekruttering av legar og legevakt i utkantkommunar

Måndag 5.februar var omlag 85 representantar frå kommunar, sjukehus og næringsliv frå Hordaland og Sogn og Fjordane, kommunar i Troms, Helse og omsorgskomiteen på Stortinget, Helsedirektoratet, Fylkesmannen, KS med fleire samla til UTKANTKONFERANSEN 2018.

Tema for samlinga var helseberedskap, rekruttering av legar og legevakt.

07. februar 2018