UTKANTKONFERANSEN 2019

Årets tema: Ungdommen vår - ein viktig ressurs no og i framtida!

Tid og stad: 1. april kl. 09.00 - 15.00, STRILATUN, Seim i Lindås kommune.

Påmelding: Fyll inn påmeldingsskjema her. Påmeldingsfrist 26.03.2019. Deltageravgift 300,- pr pers.

 

UTKANTKONFERANSEN er ein møteplass for å dela kunnskap, inspirera, diskutera og orientera kvarandre om ulike tema og innan ulike fagområde.

Årets UTKANTKONFERANSE rettar fokus på ungdommen vår som er ein viktig ressurs med mange ferdigheiter. Korleis kan samfunnet bidra til å utvikle desse ferdigheitene? Har vi den rette kunnskapen og dei nødvendige verktøya? Skal vi jobbe i fellesskap eller kvar for oss? 1. april tar vi eit djupdykk i temaet og ønskjer velkommen til spannande foredrag, faglege innspel og paneldebatt.

Målgruppa er politikarar, leiarar og tilsette i kommunar, fylke og stat, privat næringsliv, frivillige organisasjonar og andre som er opptatt av årets tema.
 

Program:

08.30 - 09.00        Registerering og kaffi/te

09.00 - 09.10        Velkommen. Tom Kristian Thorsen, ordførar i Modalen kommune
                               og medlem i Regionrådet Nordhordland

09.10 - 09.30        Sjukt (u)lykkeleg! - ungdom og livsmeistring
                               Torill Eidsheim, medlem Helse og omsorgskomiteen på Stortinget

09.30 - 11.15        Tema 1: Barn og unge - eit felles ansvar
Inkl. pausar
                             • Sosial ulikheit og oppvekst med låg inntekt: Implikasjonar for utvikling 
                               og handtering av psykiske vanskar blant barn og unge

                               Tormod Bøe, psykolog og forskar II, RBKU Vest / NORCE Helse

                             • Utvikle robuste ungdommar som inkluderer alle
                               Bjørg-Elin Moen, doktorgrad i psykologi og forskingsleiar i MOT

                             • Trendar i samfunnet - å vere alminnelig er heilt OK
                               Mattias Øhra, pedagog og høgskulelektor ved Universitetet i Sørøst-Norge

                             • Oppsummering og spørsmål

11.15 - 12.00        Lunsj og mingling

12.00 - 12.30        Relasjonar gjennom digital kommunikasjon
                               Tale Maria Krohn Engvik, aktuell med snapchatkontoen "Helsesista"

12.30 - 14.30        Tema 2: Verdiskaping - med ungdom som ressurs
Inkl. pausar
                             • Fleire vegar til målet
                              Robert Lorang Hansen, ungdomskoordinator i Lindås kommune

                             • JobbLoop - eit inkluderingssamarbeid som skapar 
                              moglegheiter for ungdom

                              Bosse Litsheim, sosialentreprenør / høgskulelektor HVL og
                              May Britt Torsnes, HR-leiar Nyrstar

                             • Private og offentlege aktørar - i fellesskap eller kvar for seg?
                              Vivian Kårbø, prosjektleiar Nordhordland Næringslag
                              Erfaringar frå Ressursgruppa i Nordhordland Næringslag
                              NAV Lindås - med ungdomsoppfølging som eit ansvarsområde

14.30 - 15.00        Paneldebatt og oppsummering
                               Kva no? Korleis arbeide vidare - i fellesskap eller kvar for seg?

 

Konferansen er planlagt og gjennomført i samarbeid med:

logo-NUI.jpg

Kommunane samla.PNG

Samarbeid2.PNG

 

 

Årets foredragshaldarar:

Skjermbilde presentasjon - 12.02.2019.PNG

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen