Sekretariat for kontrollutvala i Nordhordland

Nordhordland Utviklingsselskap IKS (NUI) ivaretek sekreteriatsfunksjonen for kontrollutvala i kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.

Kontrollutvalet fører løypande tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyrets vegne, og ser til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga utførast gjennom revisor sitt arbeid, av dette rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og selskapskontroll, og gjennom kontrollutvalet sine eigne undersøkingar.

Kapittel 12 i kommunelova regulerer internt tilsyn og kontroll, og § 77 omhandlar kontrollutvalet sine oppgåver. Oppgåver og roller til kontrollutvalet er nærare spesifisert i Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommuner.


For meir informasjon om kontrollutvala i dei ulike kommunane, gå inn på kommunen sin heimeside:

Austrheim - Fedje - Lindås - Masfjorden - Meland - Modalen - Osterøy - Radøy

 

Sekretariat

§ 20 i forskrift om kontrollutval omhandlar sekretariatsfunksjonen til kontrollutvalet og seier mellom anna at "sekretariatet skal være uavhengig av kommunens eller fylkeskommunens administrasjon og av den eller de som utfører revisjon for kommunen eller fylkeskommunen".

NUI ivaretek sekretariatsoppgåvene for kontrollutvala i 8 av eigarkommunane. Sekretariatet er kontrollutvalet sitt operative organ og har som hovudoppgåve å sjå til at dei saker som vert handsama av kontrollutvalet er forsvarleg utgreia, og at utvalet sine vedtak vert sett i verk. 

Kontaktpersonar for kontrollutvala er: 

Tonje Husum Aarland - tlf.: 928 58 413 - tonje@nordhordland.net 

Bent Gunnar Næss - tlf.: 481 24 623 - bgn@nordhordland.net

 

Revisjon

I Lindås kommune er det for tida Deloitte AS som utfører revisjonstenestene.

Nordhordland Revisjon IKS er eit interkommunalt revisjonsselskap eigd av dei sju kommunane Austrheim, Fedje, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy.

 

Gladihaug. Foto: Tonje

 

Tips ein ven Skriv ut