Reiselivsutvikling i fokus

Smaken av Nordhordland Tobby Sander.jpeg
Foto: Tobby Sander

Den siste tida har vore særs inspirerande for reiselivsutviklinga i Nordhordland. I går var matprodusentar og kokkar samla på Lyngheisenteret for å trylle fram ein Nordhordlandsmeny. Torsdag i førre veke vart det arrangert ein workshop for å utvikle ullruta i Nordhordland. Dei involverte er overbeviste om at det er viktig å løfte fram mathandverket og kulturtradisjonane våre som er ein viktig del av vår historie og identitet I Nordhordland.

Prosjektet "Smaken av Nordhordland" arrangerte i torsdag ein workshop for kokkar og matprodusentar. Målet var at kokkar skal bli kjent med kva råvarer som finst i regionen og saman med produsentane utvikle smakfulle rettar! Det var topp stemning frå første minutt og kreativiteten var høg. Dei fekk boltre seg i alt det beste Nordhordland har å by på.

Gunnar Nagell Dahl.jpg

Gunnar Nagell Dahl, kokk og dagleg leiar i Chefs Dinner Norge leda prosessen på Lyngheisenteret i går. Han er oppteken av råvarene og bygge stoltheit rundt desse. «Nordhordland har råvarer i verdsklasse», fortel Gunnar. De må vere stolte av dei, rundt om i verda kan dei berre lengte etter så gode og kvalitetssterke råvarer som ein får her i frå regionen. Det er unikt!»  

Smaken av Nordhordland Trude IsdalDet vart laga 25 rettar; både fingermat, forrettar, hovudrettar og dessertar. Etter å ha jobba heile dagen frå kl. 10.00 vart kvelden avslutta med eit herremåltid,kor ein fekk smake på alle herlegheitane. Det blei laga alt i frå hjorte-carpaccio frå Alver Hjort, røykt sild frå Lurefjorden, bringebæris med bær frå Tveiten bær - og gardsprodukt, jordskokk suppe med jordskokk frå Gripen Gard, spekesalat med andegg frå Nordre Solen Gard og fenalår frå Heimelagamat frå Pøylo, fiskepølse med fisk frå Nordhordland fisk, karamellpudding med egg frå Troppå Gard, fingerrettar med flatbrød og knekkebrød frå Aufera og meire til. Vi håpar dette inspirerar til å ta i bruk råvarene frå Nordhordland rundt om på serveringsstadene i regionen vår.


 

Ullmøte 140319.jpgTorsdag i førre veke var det samla ulike ull-aktørar til  ein workshop for å utvikle ullruta i Nordhordland. Det vart jobba med spørsmål som 'kva verdiar skal vi knytte til ullruta, kva skal ambisjonane våre vere og kva skal vere hensikten med ei slik rute?' Det var eit høgt engasjement for å få plass eit godt felles grunnlag for aktørane  slik at vi kan utvikle gode ullruter ut frå dette. 'Målet no er å få på plass ei ullrute som vi kan lansere i år for å hauste erfaring og byggje vidare på i åra som kjem' sa Frode Nergaard Fjeldstad i Bergen Reiselivslag.

 

Med gode råvarar og mathandverk samt den lange kulturhistoria knytt til sau og ull har vi eit godt utgangspunkt for gode reiselivsopplevingar i regionen, både for oss som bur her og for dei tilreisande. Vi håper at desse to prosjekta skal vere viktige bidrag til å gje fleire gjestar til reiselivserksemdene våre!

image00021.jpeg
 

Foto i artikkelen:
Tobby Sander: ingressbilde og brett med hjorte-carpaccio
Tina Monslaup: Gunnar Nagell Dahl
Trude Isdal : det bugnande matbordet
Kari Evensen Natland: Ullruta, workshop

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen