Planprogram for Interkommunal plan for sjøområda i Nordhordland – offentleg ettersyn - innspel til arealbruk for sjøområda

Det er to ting som vert etterspurt i denne høyringa:

  • Innspel og kommentarar til sjølve planprogrammet
  • Innspel til planinnhald/arealbruk


Det vil bli invitert til regionale møte og lokale møte i den einskilde kommune.

Frist for å kome med innspel er 10.05.2021.

Kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal  har saman starta ein prosess med å utarbeida ein interkommunal plan for sjøareala i desse kommunane. Planområdet gjeld berre for sjøområda. Det vil sei frå flomålet i elveosar og ned til sjøbotn. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja.

Det interkommunale planutvalet (IKPU) består av ein representant frå kvar kommune vald av kommunestyret. IKPU har fått delegert mynde frå kommunestyret om å legge planprogrammet ut på høyring.

IKPU gjorde følgjande vedtak i møte 26.02.2021 i sak 03/21:

«Det interkommunale planutvalet for sjøareal i Nordhordland vedtek at framlegg til planprogram for «Interkommunal plan for sjøareal i Nordhordland» vert lagt ut til offentleg ettersyn.
Vedtaket har heimel i plan og bygningslova §11-1 og §11-13.»

Det er to ting som vert etterspurt i denne høyringa:

  • Innspel og kommentarar til sjølve planprogrammet
  • Innspel til planinnhald/arealbruk


Det vil bli invitert til regionale møte og lokale møte i den einskilde kommune.

Frist for å kome med innspel er 10.05.2021.

Alle innspel skal sendast på e-post til  Nordhordland Utviklingsselskap IKS, post@nordhordland.net  

Høyringsbrev med vedlegg:

Høyringsbrev Planprogram .pdf
Vedegg 1 IKP Sjøareal NH Planprogram - høyring 26.02.2021.pdf
Vedlegg 2 Skjema for innspel til planprogram.pdf
Vedlegg 3 IKPLsjø planutval sak 03 21.pdf
Vedlegg 4 Høyringsliste.pdf