Smak av Nordhordland Tobby Sander Tomassen

Kurs i historieforteljing

Kunsten å knyte produkt og oppleving nært saman med naturen, kulturen og staden

https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=1n1DzcK3-U6Ie2YU-MdF_6DbwmirJsFMminIUFquQOZUOUhWNzk3M1cyV1VXVFFYNUlOREpBOVFZTyQlQCN0PWcuSmak av Nordhordland har gleda av å invitere deg til kurs i historieforteljing 24 – 25.januar. Ved å gå på skattejakt i eiga verksemd og lokalsamfunn har kurset som mål å bidra til auka kunnskap om korleis ein byggjer opp historier, formidling og opplevingar med bruk av interpretasjon og lokale ressursar.

Interpretasjon er korleis ein kan gjere staden levande gjennom formidling på  ulike måtar, teori om opplevingsøkonomi og om nyskaping. Det blir mykje praktiske øvingar der deltakarane får trene på å finne fram til ressursar i lokalmiljøet sitt og på formidling i praksis.

Vi er svært heldige som har fått med oss Eli - Grete Høyvik og Tuba Ardic frå www.interplan.no som kursleiarar. Dei eig og driv òg Balholm og Ciderhuset i Balestrand. Eli-Grete
underviser på Høgskulen for Landbruk og bygdeutvikling (HLB) og Tuba på Høgskulen på Vestlandet (HVL).


Håper mange vil bli med på dette kurset, dette er ein unik sjanse her lokalt til å få meir kunnskap om korleis ein kan løfte bedrifta si! Vi har 16 kursplassar tilgjengeleg.

 

Her kan du laste opp praktiske opplysningar og programmet for kurset!

Du kan melde deg på her!

 

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!