Korleis bidrar naturen til du trivst i Nordhordland Biosfæreområde?

Delta i undersøkinga og fortell oss kva rolle naturen spelar i livet ditt.

Naturen spelar inn i liva våre på mange måtar. Den gjev oss maten vi et, vatnet vi drikk og trea vi brukar til å byggje eller varme husa våre med. Naturen vernar oss òg frå skred og flaum. For nokre er naturen ein plass der ein kan lære ting, noko ein kan knyte band til og trivast i. Dette kan vi kalle naturgode. og desse ønskjer vi å vite meir om!

Bli med i undersøkinga her: https://app.maptionnaire.com/nb/6998/

Undersøkinga er ein del av eit forskingsprosjekt under Universitetet i Bergen sitt UNESCO-professorat for Bærekraftig Arv og Miljøforvaltning - Natur og Kultur. I forskingsprosjektet søkjer ein å forstå korleis naturen gagnar menneske i Nordhordland Biosfæreområde i form av ulike tenester og fordelar  Forrkingsgruppa er òg interesserte i å finne ut korleis dei som arbeider i området formidlar forvaltninga av desse naturgode. 

Du kan følgje med på framgangen i forskingsprosjektet og
lese meir om UNESCO-professoratet her: www.uib.no/unesco-chair.

Om du ønskjer å få litt meir informasjon om dette og få hjelp til å fylle ut underøkinga, kan du delta på eit av møta som er satt opp:

Møteplan Økosystemtjenester.JPG

 

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!