UiB

Universitetet i Bergen, 2019

Kompetanse og utdanning i Nordhordland: Strukturer, samarbeid og erfaringar fra regionen

Rapport

Den ferske rapporten "Kompetanse og utdanning i Nordhordland: Strukturer, samarbeid og erfaringer fra regionen" er utarbeida på oppdrag for Nordhordland Næringslag og Nordhordland Utviklingsselskap IKS. I finansieringen av prosjektet er også Hordaland fylkeskommune med, som i tillegg har bistått med å skaffe og tilgjengelegjere relvante data. 

 

Rapporten handlar om eksisterande kompetansestruktur og framtidig kompetansebehov i ulike deler av arbeidslivet i Nordhordland. Prosjektet, som starta i april 2018, har vore leia av Grete Rusten, og med i teamet var Kari Elida Eriksen (UiB) og Gro Marit Grimsrud (Norwegian Research Center AS (NORCE).

Studien tek for seg strukturelle forhold knytt til befolkning, næringsliv og sysselsetting, samt utdanningstilbod i den vidaregåande skulen, og korleis vidaregåande opplæring involverer skuler og verksemder i ulike formar for opplæringssamarbeid. Rapporten avsluttast med praktiske råd og anbefalingar for korleis ein kan påverke utviklinga i Nordhordland framover. 

Prosjektet skal leggje grunnlag for ei utvikling og styrking av eksisterande og nye samarbeidsrelasjonar mellom næringsliv, offentleg sektor og skulane i regionen. Arbeidslivet sitt behov for arbeidskraft og kompetanse skal vere avgjerande for omstillingsbehov og dimensjonering. Prosjektet inngår som ein del av hovudprosjektet «Plan for samarbeidsprosjekt Skule- arbeidsliv».

Les rapporten og eiga samandrag her:

 

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen