Kommunane våre

Her finn du nettsidene til dei sju kommunane som samarbeider i Region Nordhordland:

Alver logo 
Alver kommune ... var operativ frå 1. januar 2020, etter samanslåing av kommunane Lindås, Meland og Radøy. Kommunen har i overkant av 29 000 innbyggjarar, og er den største i folketal og areal i Region Nordhordland. Kommunen grenser mellom anna til Osterøy i sør og Gulen i nord, og har 843 øyar og holmar. 

 

52px-Austrheim_komm.png Austrheim kommune ... ligg nord i Nordhordland med i underkant av 3000 innbyggarar. Saman med Alver, er Austrheim vertskommunane til Mongstad, eit internasjonalt industriområde med oljeraffineri, forsyningsbase, petroleumsindustri og CO2-senter. Austrheim er ein hav- og kystkommune og består av 489 øyar og holmar.

 

52px-Fedje_komm.png Fedje kommune ... er Noregs vestlegaste kommune og er eit lite kystsamfunn mot Nordsjøen. Den lille øykommunen i havet har ca. 560 innbyggjarar og må reisast til med ferje eller båt. Hovudøya er berre 7,4 km2 og er omgitt av 125 småøyar, holmar og skjer, noko som utgjer omlag 9,4km2.

 

standard_k-gulen.gif Gulen kommune  ... ligg mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Landarealet på 596km2 inneheld 1500 øyar, holmar og skjer og dalføre på kryss og tvers. Dei om lag 2300 fastbuande bur jamt fordelt i skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.


 

52px-Masfjorden_komm.png Masfjorden kommune ... ligg langs fjorden Masfjorden frå nordvest, og Masfjordfjellene strekker seg inn mot med delar av Stølsheimen fjellområde i øst. Det bur om lag 1700 innbyggjarar i Masfjorden kommune. Arealet består av mellom 190 øyar og holmar, skog og fjell - det største på 1044moh (Storevasseggi / Stølsheimen).


 

52px-Modalen_komm.png Modalen kommune ... er fjellkommunen med kommunesenteret i fjøresteinane. Kommunesenteret Mo ligg ved Mofjorden, innst i Osterfjorden, og ligg ved sida av den særmerkte bryggjerekkja med kaipromenade og aktivitetshuset Bryggjeslottet. Det bur om lag 380 personar i kommunen. Naturen er prega av fjell, fjord og store fossefall.

 

52px-Osterøy_komm.png

 Osterøy kommune ... ligg på ei av Nordeuropas største innlandsøyer. Øya er 329km2 og ligg søraust i Nordhordland. Kommunesenteret er Lonevåg og andre tettstader er Valestrand, Haus og Fotlandsvåg. Innbyggjarantalet var 8120 i 2018 og vegforbindelsen til innlandsøya består av Osterøybrua og ferjesambandet Valestrand-Breistein.