Hjem  /  Helsehus

Region Nordhordland Helsehus

Region Nordhordland Helsehus skal vere ein felles arena for ulike helsetenester som samarbeidar for betre helse og tryggleik for innbyggarane i Nordhordland.

Kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy har vedteke å byggja eit interkommunalt helsehus sentralt i Knarvik. Dei har organisert dette gjennom felles eigarskap i selskapet Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI). Les meir om prosjektorganisering her.

Målet er å byggje eit helsehus som legg til rette for brukarvennlege, berekraftige og framtidsretta løysingar, der kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester vert samlokalisert og samarbeider på tvers av tenester og nivBilde1.pngå.


Visjon og virke byggjer på verdiane:

  • innbyggjarane i sentrum
  • positive haldningar, kultur og klima
  • dialog
  • likeverd i samhandling og i teneste


Kommunale, interkommunale og spesialiserte helsetenester skal samarbeide for;

  • betre helse og tryggleik for innbyggarane i Region Nordhordland
  • å styrka samarbeidet mellom kommunane i Region Nordhordland, spesialisthelsetenesta og sivilt samfunn gjennom auka dialog, utvikling av gode samarbeidsløysingar og teneleg oppgåveløysing
  • bidra til auka rekruttering og kompetanse innan helse- og omsorgssektoren

Arealet skal utformast slik at det legg til rette for samarbeid og samhandling på tvers av ulike fagmiljø og tenestenivå. Helsehuset vert utforma for å stette utvikling, læring og byggje sterke fagmiljø som er eit godt grunnlag for rekruttering av nødvendig kompetanse i framtida.

Utsnitt kart.png


Innhaldet i helsehuset skal fremje eit framtidsretta heilskapleg helsetilbod for innbyggjarane i Region Nordhordland.
Les meir om framtidige tenester i Helsehuset her.

 



Helsehustomta: Kvassnesvegen 11, gnr. 188, bnr. 323 og 398.


Eigarskap og forankring

I 2013 handsama dei 9 samarbeidskommunane sak om vidare arbeid med Helsehusprosjektet. Alle kommunane slutta seg til å byggja eit Region- og helsehus på om lag 8000 m2 BRA i Knarvik, men at endeleg storleik vert avklara i den vidare prosessen. Det vart også slått fast at helsehuset skal vera offentleg eigd, og at bygget vert oppført og drifta av eit interkommunalt selskap (IKS).

Nordhordland Utviklingsselskap IKS fekk fullmakt til å arbeida etter framlagt plan for vidare prosjekt - og detaljplanlegging.

Hausten 2014 handsama og godkjente kommunane;

  • selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI).
  • at arealramma for Region Nordhordland Helsehus vart auka til 12 000 m2 BRA.

RNHI har fått ansvar for å byggja, drifta og leige ut lokale til offentleg tenesteyting. Selskapet har saman med SWECO, som etter anbod er engasjert til prosjektleiing, jobba vidare med prosjekt- og detaljplanlegging av Region Nordhordland Helsehus (RNH). Arbeidet viste at det var gode økonomiske, helsefaglege og byggtekniske argument for å utvida ramma for prosjektet med omsyn til både areal og økonomi. 

Flyfoto helsetomt.jpg

Med auka arealrammer er det semje om at regionen vil få eit best mogeleg framtidsretta bygg og vera med å sikra nødvendig areal for framtidsretta tenester for innbyggjarane. Det er i områdeplan for Knarvik gitt rom for å bygga totalt 12 000 m2 BRA på tomta. I tillegg kjem underetasjar med parkering.
 



Les meir om:

Tips ein ven Skriv ut