Folketalet i Nordhordland - uendra utvikling pr 3. kvartal i 2019

Folketal - utvikling

Nordhordland har ved utgangen av 3. kvartal i 2019 om lag uendra folketal 45.086. Fødselsoverskott (fødde- døde) på 98 stk og nettoinnflytting som er negativ med 84 stk, total vekst på 14 stk.

I Alver kommune er det vekst i folketalet på 108 stk – om lag 0,4 %, litt lågare enn for landet som er på 0,5 %. For dei andre kommunane i Nordhordland er det reduksjon i folketalet på 0,6 % - 94 stk. Veksten i Alver skuldast i hovudsak eit fødselsoverskottet (76). men også positiv nettoinnflytting(32).  Dei andre kommunane i Regionen har også eit positivt fødselsoverskot (22), men det er ein negativ nettoinnflytting (-116).

Hordaland har 0,5 % vekst i folketalet, om lag som landet totalt. Bergen veks med 0,7 %, litt over gjennomsnittet for landet. Akershus og Oslo har om lag 25 % av landet sin befolkning, men har heile  56 % av veksten i folketalet. Det føl den trenden som har vore dei siste åra  med at veksten i folketalet i landet vert konsentrert meir og meir rundt Oslo.

Endring frå 01.01.19  til og med 3 kvartal 2019:

  Fødde Døde Fødsels-overskot Netto-innflytting inkl. inn- og utvandring Folke-
vekst
Befolkning ved utgangen av kvartalet Endring i % 
Modalen 4 4 0 2 2 382 0,5 %
Osterøy 60 28 32 -59 -27 8 093 -0,3 %
Meland 66 39 27 34 61 8 248 0,7 %
Radøy 39 22 17 -36 -19 5 072 -0,4 %
Lindås 121 89 32 34 66 15 878 0,4 %
Austrheim 25 17 8 -18 -10 2 877 -0,3 %
Fedje 2 4 -2 -7 -9 553 -1,6 %
Masfjorden 6 15 -9 -7 -16 1 695 -0,9 %
Gulen 13 20 -7 -27 -34 2 288 -1,5 %
Nordhordland 336 238 98 -84 14 45 086 0,0 %
Alver 226 150 76 32 108 29 198 0,4 %
Rest Nordhordland 110 88 22 -116 -94 15 888 -0,6 %
Hordaland 4 396 2 749 1 647 1 086 2 733 527 228 0,5 %
Landet totalt 42 347 30 314 12 033 16 544 28 577 5 356 789 0,5 %

 

Tips ein ven Skriv ut
Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!