Nordhordland

Nordhordland Eivind Senneset

Etablerarfond for Bergensregionen

Bergensregionen har vel 2,6 millionar i potten til driftige gründarar rundt om i kommunane våre. Ein kan få inntil kr. 50 000 til å utvikle gode forretningsidear. Søknader vert handsama fortløpande og det vert delt ut så lenge det er midlar igjen. Her er det 'første mann til mølla'-prinsippet som gjeld!

Bergensregionen omfattar kommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Gulen, Masfjorden, Lindås, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden. Etablererfondet for Bergensregionen er på til saman
2 640 000 kroner og finansiert av Hordaland fylkeskommune. Fondet vert forvalta av Nordhordland Utviklingsselskap IKS.


Aktuelle søkjarar og prioriteringskriterer

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med "etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidè som representerer noko vesentleg nytt i marknaden".

Hordaland fylkeskommune stiller eit generelt krav om at midlane skal nyttast i tråd med Handlingsprogram for Næringsutvikling i Hordaland (HNH). Vidare må søknaden tilfredstille nokre krav:

1. Prosjektet eller tiltaket som det vert søkt om midlar til må vere forankra i ein eller fleire av kommunane i den regionen det vert søkt om tilskot i. Prosjektet skal ha god kvalitet, søkjar skal ha god gjennomføringsevne og etableringa bør innehalda minst eitt årsverk.

2. Målgruppe for dei regionale etablerarfonda er ny-etablerte verksemder som er etablert i det året det vert søkt om midlar, eller prosjektet som vil føre til etablering av ei verksemd i etterkant av søknaden. Enkeltpersonføretak reknast også som verksemd i denne samanhengen.

3. Midlane skal tildelast som tilskot på inntil 50.000 kroner til etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med "etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidè som representerer noko vesentleg nytt i marknaden". Tilskotet vert gitt innanfor rammene av bagatellmessig støtte.

4. Tilskot frå etablerarfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktiviteter kan vera: Kundeundersøkingar, brukarstudiar og anna kartlegging for å få meir brukarinnsikt, testing og vidareutvikling av forretningsidè, kostnadar knytt til nettverksbygging og styrking av kompetanse innan forretningsutvikling.
 

Korleis kan du søkja?

Alle søknadar må sendast elektronisk inn på www.regionalforvaltning.no. Ved å søke på støtteordningar, finn ein Etablererfond for Bergensregionen. Det er ingen søknadsfrist og søknadane vert handsama fortløpande. Søknad om tilskot frå dei regionale etablerarfonda må innehalde:

  • Omtale av tiltaket det blir søkt om tilskot til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordninga.
  • Plan for gjennomføring, inkludert aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar.
  • Forventa resultat.
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket med finansieringsplan.
  • Søknadssum.
  • Andre relevante opplysningar søkaren meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjøringa.

Søkjaren skal opplyse om verksemda har søkt om, eller mottatt offentleg støtte frå andre aktørar. Når tiltaket/prosjektet er gjennomført skal tilskotsmottakar levere ein kort rapport med dokumentasjon på kostnadene.
 

Kontaktpersonar hos Nordhordland Utviklingsselskap IKS:

Kari Evensen Natland, tlf.: +47 480 70 972
E-post: kari@nordhordland.net

Bent Gunnar Næss, tlf.: +47 481 24 623
E-post: bgn@nordhordland.net


Aktuelle lenkjer

Regionalforvaltning.no: https://www.regionalforvaltning.no

Etablerersenteret: http://www.etablerersenteret.no/

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen