nordhbroen_cropped_1151x597

Etablerarfond for Bergensregionen - 2018

Mogeleg å søkje - https://regionalforvaltning.no

Skal du etablere ei verksemd i Nordhordland og treng støtte i oppstartsfasen? Etablerarfondet for Bergensregionen har midlar til tiltak som skal styrke verksemder i denne fasen og ønskjer å bidra til meir entreprenørskap. Oppdatering 7. november: Det er noko midlar igjen i fondet, så  nytt høve og søk snarast!

Tilskotet skal bidra til gjennomføring av tiltak i tidleg oppstartfase, og gje gründaren kompetanse om marknad og økonomi.

Bergensregionen omfattar kommunane Askøy, Austrheim, Bergen, Fedje, Fjell, Fusa, Gulen, Masfjorden, Lindås, Meland, Modalen, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss og Øygarden. Etablerarfondet for Bergensregionen er på til saman 1 968 000 kroner.

Aktuelle søkjarar

Målgruppa er etablerarar og ny næringsverksemd som fell utanfor Innovasjon Noreg si ordning med «etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden».

 

Kor kan eg søke:

Søknaden må registrersat elektronisk på  https://regionalforvaltning.no

Meir info i dette notatet.

Tips ein ven Skriv ut
Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

IMG_3973

Fotokonkurranse 2016 - Jakta på Region Nordhordland!

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen