Eigarskap og forankring

Dei 9 kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy har vedteke å byggja Region Nordhordland Helsehus sentralt i Knarvik. Det interkommunale prosjektet er organisert gjennom felles eigarskap i selskapet Region Nordhordland Helsehus IKS, som vart stifta tidleg i 2015.

I 2013 handsama dei 9 samarbeidskommunane sak om vidare arbeid med Helsehusprosjektet. Alle kommunane slutta seg til å byggja eit felles Region- og helsehus, lokaliisert i  Knarvik. Det vart også slått fast at helsehuset skal vera offentleg eigd, og at bygget vert oppført og drifta av eit interkommunalt selskap (IKS).

Nordhordland Utviklingsselskap IKS fekk fullmakt til å arbeida etter framlagt plan for vidare prosjekt - og detaljplanlegging.

Hausten 2014 handsama og godkjente kommunane;

  • selskapsavtale for Region Nordhordland Helsehus IKS (RNHI).

  • at arealramma for Region Nordhordland Helsehus vart auka frå 8000 til 12 000 m2 BRA.

RNHI har fått ansvar for å byggja, drifta og leige ut lokale til offentleg tenesteyting. Selskapet har saman med SWECO, som etter anbod er engasjert til prosjektleiing, jobba vidare med prosjekt- og detaljplanlegging av Region Nordhordland Helsehus (RNH). Arbeidet viste at det var gode økonomiske, helsefaglege og byggtekniske argument for å utvida ramma for prosjektet med omsyn til både areal og økonomi. 

Areal i byggets 1. - 6. etasje har gjennom optimalisering og utvida behov auka frå 12 037 m2 til 12 764 m2 BRA. I tillegg kjem parkeringskjellar som har auka frå 2584 til 3485 m2 BRA.

 

Tips ein ven Skriv ut