Jordvernprisen 2021 (2)
Landbruks- og matminister Olaug Verdal Bollestad delte ut den nasjonale Jordvernprisen 2021. Foto: Tonje Husum Aarland

Den nasjonale Jordvernprisen for 2021 er i dag tildelt Austrheim og Alver kommune saman med Norsk Landbruksrådgiving Vest!

Me gratulerer og er stolte av det gode arbeidet desse aktørane har gjort over lang tid. Eit av hovudtiltaka har vore prosjektet «Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda»  - eit prosjekt der Region Nordhordland har bidratt med prosjektleiing og som har vore viktig i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde sin prosjektportefølgje.

Den nasjonale jordvernprisen 2021 vart den 3. september gjeve til Austrheim og Alver kommune og Norsk Landbruksrådgiving Vest (NLV). Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad stod for prisutdelinga. Den gjeve prisen vart delt ut på garden til Magnar Askeland på Frekhaug. Askeland har vore sentral for det praktiske arbeidet og gjort denne kunnskapsdelinga, saman med andre flotte aktørar, mogeleg.

Den nasjonale jordvernprisen er eit tiltak for å styrka jordvernet. Jordvernprisen skal bidra til å gjeva auka oppmerksemd om jordvernet og få fram gode idear og eksempler på tiltak, planar og strategier for å ta vare på dyrka mark. Det er Landbruks- og matdepartementet som  kvart 2. år deler ut den nasjonale jordvernprisen.

Om ​prosjektet: "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"

Jordmasseprosjektet.jpgStore utbyggingsprosjekt til næring og bustadbygging i regionen gjev store overskot av jord- og steinmassar. Ein del av desse massane er verdifulle ikkje-fornybare massar som det er felles interesse av å ta vare på. Målet til prosjektet i Nordhordland har vore å bidra til at massar frå utbygging vert nytta som ressurs for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggjarar og miljøet. [• Rettleiar for offentleg forvaltning • Kurs- og seminar for bønder, entreprenørar og rådgjevarar • Film- og informasjonsmaterial • Foredrag- og informasjonsarbeid] I løpet av prosjektperioden har det vore ulike tiltak og aktivitetar:

  • Rettleiar for offentleg forvalting
  • Kurs og seminar for bønder, entreprenørar og rådgjevarar
  • Film- og informasjonsmateriell
  • Føredrag- og informasjonsarbeid

Du kan lese meir om prosjektet her.

Dei flotte demonstrasjonsfilmane som er laga i prosjektet, mellom anna om pionerbonden Magnar Askeland, finn du på Nordhordland UNESCO Biosfæreområde sin YouTube kanal her.

 

Nattevandring - NORAD

Youtube: Nordhordland UNESCO Biosfære

Nordhordland luftbilde

Film: Nordhordland, industrien og regionen

Fedje storm

Time-lapse film frå Nordhordland

Sykkel-matredal

Pictures from the Past - filmrull frå Eikangervåg

0001-004

Film: From Nordhordland with Love!